Det redaksjonelle arbeidet i år har vore utført av Arnhild Lunde, Mads Solberg, Snorre Bakke, Øivind Strand og Marte Fanneløb Giskeødegård ved NTNU i Ålesund.
Fjordantologien 2023 kjem som nummer elleve i serie og er resultatet av Fjordkonferansen 2022, som vart arrangert i Loen 16. og 17. juni 2022.
I forordet formidlar redaktørane at publikasjonar, aller helst i internasjonale tidsskrift, er ein av dei viktigaste måtane akademikarar blir målte på.
– I eit sånt klima kan det vere lett å vende blikket ut av eigen region, for å søke samarbeid andre stadar. Sjølv om dette sjølvsagt er viktig, er det også avgjerande å kunne diskutere problemstillingar i lokale fagmiljø, med forankring i regional kontekstforståing. Ofte er slike regionale arenaer også tverrfaglege, noko som kan gje nyttige perspektiv på tema som forskarar arbeider med, seier dei.
Den faste Fjordkonferansen gir tilfanget
Over dei siste elleve åra har Fjordkonferansen samla forskarar frå dei regionale miljøa for høgare utdanning og forsking i Møre og Romsdal og Vestland. Dette er ein arena som dei lokale fagmiljøa gir prioritet.
Konferansen samlar vanlegvis opp mot ei hundre deltakarar frå dei regionale utdanningsinstitusjonane, så vel som praksisutøvarar. Gjennom plenumsdiskusjonar, og meir enn 50 innlegg vert pågåande prosjekt diskutert, og nettverk bygd med andre innan fagfelta som kjenner regionen.
Under konferansen i fjor var NTNU i Ålesund arrangør. Nyskaping kom til som tema, ut frå at dette er strategisk viktig for Campus i Ålesund. Gjennom to dagar vart det diskusjonar på spørsmål som: Kva inneber nyskaping? Kva skil nyskaping frå innovasjon? I Nyskapingsprosessane, kva er tilsikta og utilsikta konsekvensar? For å lukkast – kva skal?
Nyskaping meir handgripeleg enn innovasjon
– Fjordkonferansen og påfølgande antologi viser at omgrepet er mangfaldig. Eit viktig funn er at nyskapingsomgrepet ser ut til å representere noko anna og lettare handgripeleg for mange av aktørane enn det meir etablerte innovasjonsomgrepet. Det gir nye former for samhandling og innsikt som også er relevant langt utover regionen døma tek utgangspunkt i, forklarer Øivind Strand. Han er professor i innovasjon og nestleiar, med ansvar for forsking ved Institutt for International Business ved NTNU i Ålesund.
– Aukande merksemd rundt «nyskaping» er elles også noko som sjåast i samanheng med stadig raskare omstillingstakt i samfunnet. Utviklinga utfordrar både næringsliv og offentlege verksemder til å tenke ut nye, og ofte tverrfaglege, løysingar, seier han.
Prisvinnaren og grunngjevinga til redaksjonen
Høgskulelektor Arne Bendik Rekve frå Høgskulen på Vestlandet vann Sparebanken Møres forskningspris for 2023 for beste artikkel. Artikkelen i Fjordantalogien har fått namnet: Hvordan innsikt i immaterialrett kan bidra til å belyse begrepet «nyskapning».
Redaksjonen skriv: «Årets artikkel i Fjordantologien 2023 fortjener anerkjennelse på grunn av sin ambisiøse, men grundige tilnærming til begrepet «nyskapning». Artikkelen er velformulert og gir en dyptgående analyse, som trekker på både juridisk og filosofisk teori.
Til tross for at den ikke bygger på en systematisk kildeinnsamling, gir bidraget mat til ettertanke for alle med interesse for antologiens hovedtema. Den presenterer også en interessant tverrfaglig ramme for antologien som helhet.
Artikkelen tilbyr leseren en interessant og lærerik begrepsanalyse av nyskaping, med en kreativ metodebruk. Originaliteten ligger i forfatterens bruk av dokumentanalyse fra det empiriske feltet immaterialrett, for begrepsutvikling innen fagområdet analytisk rettsfilosofi. Selv om en slik tilnærming kan være ukjent for en del lesere, utgjør det en interessant plattform for et ambisiøst filosofisk prosjekt med høy aktualitet. For eksempel, i det pågående ordskiftet om kunstig intelligens og opphavsrett. Artikkelen kaster dermed lys over hovedtematikken i fjorårets konferanse, nemlig kontaktflaten mellom nyskaping og innovasjon, på spennende vis.
Språket i artikkelen er klart og presist, og forfatterens presenterer en velorganisert tilnærming til fagstoffet, som gjør det enkelt å følge resonnementet fra start til slutt. Den gjør også et komplisert juridisk og filosofisk landskap allment tilgjengelig. Dette lover godt for fremtidige forskningsbidrag fra forfatteren.
– Immaterialretten (åndsretten) er et fellesbegrep på ulike regler som gir vern mot at andre etterligner ens prestasjoner eller urettmessig utnytter ens gode navn og rykte (goodwill). Dette vil først og fremst ha økonomisk verdi for rettighetshaveren, men også ideelle interesser kan være gjenstand for vern. Det som vernes er ideen, kunnskapen, formen eller lignende som ligger bak. Kilde: Jusleksikon.no.