Innovasjonsprosjekt over tre år
Studentane frå NTNU i Ålesund går inn i siste fase av prosjektet som har pågått over tre år. Dei ser på utvikling av kaisystem som legg til rette for, og tek i mot anløp av utsleppsfrie fartøy både i og utanfor dei verna områda.
I prosjektet går studentane tett på Hellesylt, Geiranger og Stranda, for å sjå på infrastrukturen på sjø og land i samband med kaianlegga der.
Stranda kommune er prosjekteigar med NTNU som samarbeidspartnar. Møre og Romsdal fylkeskommune deltek også saman med ein rekke næringsaktørar lokalt i Stranda kommune.
Målet for NTNU-studentane er å gi Stranda kommune og næringsaktørane eit konkret og realistisk grunnlag for å ta avgjersler relatert til problemstillingane.
Forskar Irina-Emily Hansen er hovudkontakt på NTNU i Ålesund. Hamnesjef Rita Maraak i Stranda hamnevesen er leiar for prosjektet som formelt heiter "Grønn kai - Innovasjonsprosjekt om nullutslipp i verdensarvfjordene".
NTNU kommuniserte sommaren 2022 at det ikkje var realistisk å erstatte driftssystema på dagens store turistskip med null-utsleppløysingar, innanfor den korte tidshorisonten.
Forskar Irina-Emily Hansen frå Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk sa då at ambisjonen om ferdsel utan utslepp i verdsarvfjordane var positivt. Ho sa samstundes at det ikkje var realistisk å erstatte driftssystema på dei store turistskipa ein har i dag med null-utsleppsløysninger innan ei så kort tidshorisont.
– Det er ein god del utfordringar som er knytt til null-utsleppsteknologi på store passasjerskip. Vi kan heller ikkje forvente at teknologien er ferdig utvikla og teken i bruk av internasjonale cruiseskip innan 2026, uttalte ho til media då. Uttalen er gjeldande også for sommaren 2023.
Er det då i det heile mogleg å få til noko berekraftig no?
- Ja, meiner både forskarar, rettleiarane og NTNU-studentane som søker seg frem til dei realistiske løysingane.
Videoen over viser Google Earth animasjon, etterfulgt av et glimt fra el-rib på fjorden med studenter om bord.
Innspurt sommaren 2023
Studentane starta sommarprosjektet med å møte næringslivsaktørar og andre samarbeidspartnarar. Det fekk dei til med ein energivenleg ekskursjon inn i Geirangerfjorden og i Sunnylvsfjorden. Bruk av både el-buss og el-rib som transport vart testa på turen.
Torjus Levisen Johansen som har vore koordinator dei to fyrste åra leverte samstundes stafettpinnen og ansvar vidare til Helene Ella Drevik Ekrem. Ho på si side får med seg seks medstudentar, frå ulike fagretningar inn i denne siste delen av dette treårige prosjektet.
- Dei to tidlegare somarane har studentane jobba mest delt og kvar for seg mellom ingeniørane og økonomane. No ser vi ein stor fordel i innspurt av prosjektet med å sitte tett på og samla, fortel Ekrem.
- Til dømes der ingeniørane ser gode tekniske løysingar vert desse umiddelbart analysert innafor det realistiske i berekraft, forretningsmodellar og investeringane som må til.
Dei sju studentane har fått ei stor utfordring når dei no går i gang med å sy saman alt tidlegare utført arbeid og sitt eige arbeid.
Tid til grubling undervegs for studentane.
Men også tid til å nyte dei flotte omgjevnadane.
Det kunne godt vore meir pakka av turistar i Geiranger denne dagen, for erfaringa si skuld.
Geiranger, Hellesylt og Stranda frå si aller beste side.
Behovsanalysane og smarte kaier
Studentane som gjekk inn i prosjektet i 2021, og dei som deltok i 2022 har utført fleire behovsanalysar. Dei har sett på kva type trafikk som skulle handterast på kort og lang sikt. Kartlegging av behova for infrastruktur, som aktuelle fartøy vil krevje når det gjeld energi er også gjennomført.
- Å få til ein smart løysing for utfordringane rundt kai-infrastrukturen i Stranda, Hellesylt og inne i Geiranger har vore viktig. Likeins at passasjerane på turistskipa skal få å oppleve Geirangerfjorden om bord på mindre fartøy, også etter 2026 når vedtaket om nullutslepp tre i kraft, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda kommune.
- Studentane ser blant anna på kva som må til for å få best mogleg flyt (logistikk) av gåande passasjerar (omlasting), biltrafikk og fartøy i kaiområda. Kan det til dømes settast tidsluker for dei som vil inn i fjordane, i staden for i dag då at alle kjem og reiser til og frå slik dei sjølve vil på veg og på fjord?
- I prosjektet har det vore sett på om det let seg gjere å utvikle flytande, modulære og flyttbare kaier. Det har vore sett på lading og bunkring. Brukarbetaling er også tema der denne kan vere med på å dekke dei nye tenestene som må til for å løyse utfordringane, forklarer Maraak.
Som prosjektleiar ser Maraak fram til kva som kjem ut av den aller siste delen av det treårige prosjektet.
- Mykje bra har alt vorte produsert , til dømes kan forretningsmodellar og kalkyler som kan brukast i det vidare.
Til grunn for framdrifta i prosjektet ligg møta og den gode dialogen undervegs med næringsliv og andre samarbeidspartnarar i Stranda kommune.
- Prosjektet har vorte møtt med velvilje av dei som har vorte involvert.
Maraak fortel også at det kan kome eit nytt delforskingsprosjekt i kjølvatnet av det som til no er produsert. Men konkret kva, der held prosjektleiaren enno korta inntil seg, og seier at dette vert konkret til hausten.
Kai-konseptet "Powerbarge"
Sommaren 2022 vart det presentert eit fleksibelt og skalerbart kai-konsept med effektiv straumtilførsel til og frå kai. Det inneheld sikker på- og avstigning for passasjerane og løysingar for infrastruktur til forsyning av fornybar energi.
Konseptet fekk namnet «Powerbarge». Enkelt forklart er dette ein lekter med batteri eller andre energibærarar som kan forsyne elektrifiserte fartøy. Slik det er no er det ikkje nok straum verken i Geiranger eller Hellesylt for å lade opp fartøya. Det er ei stor utfordring som må løysast framover.
Med "Powerbarge" kan det tenkast fleire bruksområde enn berre å forsyne fartøya med straum. Geiranger har eit stort behov for meir straum og per i dag har ein ikkje løysingar på dette. Studentane viste i fjor sommar at ein «Powerbarge kan ladast opp i Liabygda eller på Linge, og slik forsyne Geiranger med straum.
Dette konseptet vart blant anna presentert under Cruisekonferansen i Trondheim 1. november 2022. Tilbakemeldinga derfrå var at dette kunne ha potensiale i seg som ei løysing også utanfor landegrensene.
Vi har kome fram til at løysingar for ein utsleppsfri Geirangerfjord i 2026 eksisterer og kan realiserast så fort som ønskeleg. Det er opp til investorar, næringslivet og politikarar å iverksette omstillinga. (Studenrapport 2022.)
Stortinget ber regjeringa implementere krav og reguleringar til utslepp frå cruiseskip og anna skipstrafikk i turistfjordar samt andre egna verkemiddel for å sørge for innfasing av låg- og nullutsleppsløysningar i skipsfart fram mot 2030, her under innføre krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane så snart teknisk kan gjennomførast, og seinast innan 2026.