Nysgjerrig på medisinutdanninga i Ålesund

– Dei har vore flinke til å leggje opp programmet slik at vi får sett mykje. Eg er positivt overraska over kor engasjert legane er, fortalde Selma Smidstrød som er ein av 17 studentar som vurderer å fortsette medisinutdanninga si i Ålesund.

To jenter sitter i en sofa.
Albertine Raaen Bratvold (t.v.) og Selma Smidtsrød (t.h.) var to av medisinstudentane som deltok på studieturen. (Foto: Petter Bjørklund)

Av: Petter Bjørklund, kommunikasjonsrådgjevar ved seksjon for forsking og innovasjon Helse Møre og Romsdal.

Til hausten skal dei første medisinstudentane byrje på desentraliserte legeutdanning ved NTNU Ålesund og Ålesund sjukehus. 17 andreårsstudentar frå NTNU Trondheim deltok difor på ein organisert studietur til Ålesund for å stifte nærare kjennskap til utdanningsmodellen og byen.

Medisinstudentane Albertine Raaen Bratvold og Selma Smidtsrød bestemte seg for å delta på studieturen av rein nysgjerrigheit for kva utdanninga og studentbyen Ålesund har å by på. Begge beskriv naturen som eit særleg attraktivt element med byen.

– Som by tenkjer eg med ein gong at fjella og friluftslivet rundt om ser så flott ut, seier Bratvold.​

I auditorium / forelesning.
Sjukehuslegane og haustens undervisarar held spørsmålsrunde etter omvisinga på Ålesund sjukehus. (Foto: Petter Bjørklund)

I tillegg til det dei har fått sjå av den lokale Ålesund-naturen fortel dei at dei er positivt overraska over opplegget og engasjementet til legane på sjukehuset.

– Eg synest dei har vore flinke til å leggje opp programmet slik at vi får sett mykje. Man får eit meir heilskapleg inntrykk av kva dette går ut på. Eg er positivt overraska over kor engasjert legane er, seier Smidtsrød.

Den desentraliserte legeutdanninga NTNU Link gir studentar som har fullført dei to første åra på medisinstudiet ved NTNU Trondheim moglegheit til å ta dei neste to åra av utdanninga i Ålesund.

Prosjektleiar for etableringa av desentralisert legeutdanning i Ålesund og overlege Solveig Roth Hoff seier føremålet med studieturen er å gi studentane eit innblikk i studiekvardagen i Ålesund, og kva byen og regionen har å tilby dei på fritida.

– Link-modellen til NTNU inneber at innlæring av ny teorikunnskap skjer gjennom sjølvstudium medan undervisingstida blir brukt til å sjekke kva studentane kan og stimulere dei til å reflektere vidare. Dei vil også få praktisk kunnskap gjennom mykje kontakt med pasientar, seier Solveig Roth Hoff.

Omvisning av studenter inne på undervisningsrom i sykepleie.
Linjeforeininga Myokard gav studentane omvising rundt campus. Her viser dei studentane ein av simuleringseiningane ved Institutt for helsevitskap Ålesund. (Foto: Petter Bjørklund)

Instituttleiar ved Institutt for helsevitskap ved NTNU Ålesund Svanhild Schønberg fortel at responsen frå studentane til Link-opplegget har vore positiv, mellom anna rundt den tette oppfølginga dei har fått frå rettleiarar og undervisarar.

Dei 17 studentane var gjennom eit omfattande program som inkluderte omvising på Ålesund sjukehus, Ålesund lokalmedisinske senter på Åse, og NTNU i Ålesund.

Gruppeoppstilling utenfor sykehuset med studenter og leger.
Dei 17 medisinstudentane fekk ei omvising rundt på Ålesund sjukehus av legar og kommande undervisarar for hausten. (Foto: Petter Bjørklund)

HVa er NTNU Link?

NTNU Link er eit desentralisert studieløp for 3. og 4. års studentar ved profesjonsstudiet i medisin ved NTNU. Undervisninga føregår mellom anna på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Link Levanger har eksistert sidan 2018  medan Link Ålesund startar hausten 2023 og er eit samarbeid mellom NTNU, Ålesund sjukehus og Ålesund kommune til 20 legestudentar.

Les også: Sammen for smartere kirurgi.