Kveldens gjestar var doktorgradskandidat Lena Vatne Bjørlo (NTNU), medisinsk fysikar Endre Grøvik (NTNU/Helse Møre og Romsdal), dosent Ottar Osen (NTNU), og førsteamanuensis Erlend Magnus Lervik Coates (NTNU). Kvar av dei introduserte ulike sider der KI-teknologien kan påverke kvardagen vår. Godt leia av Bjørn Vatne, blei publikum på ein humoristisk og godt forståeleg måte, presentert for KI (kunstig intelligens).
I tillegg fekk publikum eit kunstnarisk møte med teknologien denne kvelden: Som eit fint avbrot i samtalane med forskarane, fekk vi musikar Lena Nymark si framføring saman med KI. Manuela Hofer sin nydelege KI-genererte musikkvideo av Leonard Cohens’ «Avalanche» introduserte programmet:
Programrådet bak Påfyll er alt i gang med å fylle på innhald til neste kveld.
Det blir tysdag 19. mars, så hold av datoen!
Tekst og innhold også: Steffen Savland/NTNU.
Meir Påfyll!
Påfyll gir fakta, populærvitskaplege aha-opplevingar, stoltheit og håp i løpet av 90-120 innsiktsfulle kveldsminutt på Parken kulturhus i Ålesund.
- Gjennom talkshowformatet får du formidling og diskusjon om eitt aktuelt tema. Du får nærkontakt med dei som kan temaet frå ulike perspektiv, ein programleiar og artistinnslag.
- Målet er eit meir opplyst og kunnskapsbasert offentleg ordskifte. Vi har gått saman for å presentere frå den spennande forskinga som foregår her i regionen og viser fram Ålesund som kunnskapsby.
- Det blir minst tre arrangement i løpet av våren 2024 og fleire til hausten.
- Nettsida: https://www.ntnu.no/web/alesund/paafyll
- Førehandsomtale av Påfyll på NTNU-Nyheter
- Arrangementdetaljar: På LinkedIn har vi oppretta ei samarbeidsside der kvart av PÅFYLL-arrangementa blir presentert.
- Samarbeidspartnarar: NTNU, SINTEF, Møreforskning, Helse Møre og Romsdal HF, Atlanterhavsparken, Ålesund kommune.
- Sponsor: Sparebanken Møre.
- Grafisk støtte: Kommunikasjonsavdelingen NTNU – Grafisk senter.