Ny populærvitskapleg aha-oppleving i Ålesund

Det populærvitskaplege talkshowet Påfyll får premiere i Ålesund i februar, og byr på underhaldning, samtalar og kunnskap. – Målet er at du skal forlate salen både oppstemt og litt klokare, seier arrangørane.

Planleggingsmøte på NTNU oktober 2023.
Planleggingsmøte for Påfyll med NTNU som vertskap i oktober 2023. Alle forskingsaktørane og samarbeidspartnarane var samla.

– Det var eit særs vellukka samarbeid under Forskingsdagane i fjor haust som ga meirsmak. Sidan då har eit programråd jobba fram eit nyskapande formidlingskonsept, seier viserektor Anne-Lise Sagen Major ved NTNU i Ålesund. 

Ho gler seg til det som dei no kan sette i gang.

Logo påfyll-arrangementet i Ålesund.
Slik presenterer forskningsaktørane seg saman gjennom det nye pouplærvitskaplege konseptet PÅFYLL. Grafikk er utforma av grafisk senter på NTNU i nært samarbeid med produsent og andre i Ålesund.

– Datoen er sett til måndag 5. februar. Programmet startar 19.00 og arrangementet er gratis. Det er alt plan for tre arrangement med Påfyll før sommaren og tre til hausten. Blir det god mottaking håper eg at vi her får til noko varig, seier viserektoren.

Viserektor Anne-Lise Sagen Major ved NTNU i Ålesund.
Viserektor Anne-Lise Sagen Major ved NTNU i Ålesund.

– Det er universitetet og andre forskingsaktørar si oppgåve å bidra til formidling av den kunnskapsutviklinga vi driv med.

– Vi har eit felles ynskje om å få fram meir av den spennande forskinga som skjer lokalt og vi vil vise fram Ålesund som kunnskapsby, seier viserektoren.

Forskingsaktørane som deltek er NTNU, SINTEF, Møreforsking, Helse Møre og Romsdal HF, Atlanterhavsparken og Ålesund kommune. Dei har i oppgåve å finne fram til dei rette fagfolka, som kan formidle innan ulike samfunnsaktuelle tema.

Parken kulturhus med kulturhusleiar Hans Pareliussen hadde ideen om ein fast kveld med fokus på forsking, med NTNU som startmotor. Kulturhuset vil stå for den tekniske koordineringa.

Framtidslaben/The North West konkretiserer konseptet og stiller med produsent for innhaldet.

Sparebanken Møre er sponsor.

Forfattar Bjørn Vatne. Foto Yngve Vogt UiO
Forfattar Bjørn Vatne. Foto Yngve Vogt UiO

Å vere programvert ut frå bestillinga til programrådet var ikkje for kven som helst. Forfattar Bjørn Vatne vart derfor kontakta i slutten av november.

Kunne han tenke seg utfordringa?  

Svaret var positivt.

Han er i full gang med å lese seg opp på det fyrste temaet. Det vil dreie seg om kunstig intelligens.

– Et talkshow har jo ingenting med litteratur å gjere, tenkte jeg fyrst. Men då arrangørane fortalde kva dei ville ha, kunne eg ikkje si nei. Eg er ein frykteleg nysgjerrig fyr. No får eg sitte ansikt til ansikt med ekspertar på alle slags felt, og stille dei så dumme og nærgåande spørsmål eg berre vil.

– Det er rett og slett eit glimrande høve til å drive research, seier Vatne, som lover å både sleppe til publikum og ta det heile ned på eit folkeleg og humørfylt nivå.

Første Påfyll har fått tittelen «Smarte folk om kunstig intelligens: Derfor må du bry deg!».  Dei som skal bidra blir presentert om kort tid.

Kva er Påfyll?

Påfyll gir fakta, populærvitskaplege aha-opplevingar, stoltheit og håp i løpet av 90-120 innsiktsfulle kveldsminutt på Parken kulturhus i Ålesund. 
  • Gjennom talkshowformatet får du formidling og diskusjon om eitt aktuelt tema.
  • Du får nærkontakt med dei som kan temaet frå ulike perspektiv, ein programleiar og artistinnslag.
  • Målet er eit meir opplyst og kunnskapsbasert offentleg ordskifte. Vi har gått saman for å presentere frå den spennande forskinga som foregår her i regionen og viser fram Ålesund som kunnskapsby.
  • Det blir minst tre arrangement i løpet av våren 2024 og fleire til hausten.
  • Sjå endå meir om arrangementet på nettsida: https://www.ntnu.no/web/alesund/paafyll