Prosjektet North-South Alliance for Inclusive Water, Sanitation and Hygiene (All4WASH), samlar Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), tre afrikanske senter for framifrå forsking innan vassforsyning og sanitærforhold samt tre universitet i Mali, Uganda og Sør-Afrika.
Prosjektstyring frå Ålesund
Prosjektet er finansiert av Kunnskapsdepartementet via Norwegian Partnership for Global Academic Cooperation (NORPART). NTNU fekk ved oppstart i 2022 tildelt 6,7 millionar kroner. Det norske universitetet har teke på seg å leie prosjektet for reint vatn og betre sanitærforhold. Oppgåva blir løyst i tett samarbeid med universiteta i utviklingslanda, og det skal gå til utgangen av 2026.
Professor Razak Seidu frå Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk i Ålesund, er prosjektleiar for All4WASH.
Globalisering
– Å finne løysingar for reint og trygt vatn og betre sanitærforhold, det er kunnskap for verda, og vi blir stadig knytt tettare saman over landegrensene, seier professor Razak Seidu.
– Innan fagfeltet vatn og sanitær er det viktigare enn nokon gong å vere open for å lære av kvarandre og andre kulturar. Eg tenkjer at utfordringar vi har lokalt i Noreg kan løysast betre gjennom å lære av andre.
– Vi kan utvikle teknologi hurtigare ved å utveksle kunnskap og å vere saman om utfordringane, og innan vatn og avløp hastar det, seier professoren.
Seidu fortel at universiteta som deltek i All4WASH har utvikla felles læreplanar, utvekslar studentar og akademisk tilsette.
Studentmobilitet
All4WASH - som del av NORPART - legg vekt på gjennomføring av studentmobilitet. I NTNU blir dette oppfylt ved at studentar dei siste to åra har reist sør og andre har kome nord til Ålesund for å studere.
– I haust har vi studentar med frå Noreg, Ghana, Tanzania, Etiopia, Uganda og Sør Afrika gjennom utvekslingsprogrammet til Ålesund.
– Til Noreg kom dei fyrste i 2023, og desse fullfører master våren 2025. Nokre av studentane har vore her og/eller er her akkurat no for kortare forskingsopphald. Då følger dei emna i masterstudiespesialisering "Smart vann- og miljøteknikk".
Tema for masteroppgåver på gang, blant dei utanlandske studentane er innan til dømes effektivisering og digitalisering av vassystem.
Dei tilreisande studentane har funne seg vel til rette, tett på praktisk med bustadar rett ved Campus i Ålesund.
Bøye for analyse
Michelle Adu Odoom (Ghana) har lært om analysebøyen på Brusdalsvatnet gjennom emna ho studerer, og vil gjerne lage liknande til same formål i ei elv heime i Ghana.
– Metodane eg ser for måling av vasskvalitet i sanntid er svært annleis enn dei eg kjenner heimanfrå. Bruk av digitale tvillingar i arbeidet med måling og forbetring er også svært interessant.
– I området der eg kjem frå i Ghana er vi langt frå å nytte ein slik teknologi. Så er det dette med planlegging, og å ha strategi for vatn og vasskvalitet, her har eg også funne mykje nyttig å ta med vidare i studiane mine. .
Innkasserte erfaringar
Dei utanlandske studentane som no er i Ålesund viser felles innkasserte erfaringar og nyttar avløpsvatnet i Ålesund som døme: I analyser og felt har dei fulgt vatnet, frå det står utan behandling via samlestad til det går ut i fjorden. Dei samanliknar den kommunale vassbehandlinga lokalt inn mot tilsvarande frå fem andre land, og også frå andre norske kommunar undervegs i studiet.
Kunnskap heimanfrå og kunnskap herifrå blir delt praktisk og i praksis mellom studentane som verdifull erfaringsutveksling.
Bra dynamikk i romet
På spørsmål om likheit og ulikskap når det gjeld undervisningsform frå universitet heime og her, viser studentane til norsk delingskultur som dei opplever i klasseromet som er svært bra.
– Faglærar og medstudentar her er flinke til å lytte, dele og inkludere!
På spørsmål om vatnet her i Ålesund, og om det er noko med vassbehandlinga og -system som har skilt seg spesielt ut, då må dei tenke seg litt om.
Svaret blir konkret.
– Å kunne opne springen der vi bur og tappe drikkevatn, og samstundes stole på at det faktisk er reint.
Å vite at vi kan stole på at vatnet er bra!
Dei har sett prosessen frå a til å. Dei likte det dei såg.
Simon Völker frå Haugesund og Fride Drønnen frå Ålesund deltok på sommarskulen i det internasjonale forskingsprosjektet All4WASH sommaren 2024:
Reint vatn og sanitær som global utfordring
– Inspirasjon kan vere ordet til å samanfatte noko av alt det som vi tok med oss heim. Erfaringane frå Ghana og Tanzania er uvurderlege. Men det vart vanskelegare å få eit klart forskingsspørsmål til studiet vidare, i alt det nye som kom til av det vi har sett og lært.
Uttalen kjem frå Simon Völker og Fride Drønnen. Dei to var utsendingar til All4WASH sommarskulen 2024 i juli.
– Å få ei slik utreise midt mellom fyrste og andre året av masterstudiet vårt var smart plassering, seier dei.
«Smart Water Speciailization master students»
Sidan prosjektstart i 2022 har det vore sommarskule via ALL4WASH-prosjektet. Fyrste gong var Kwame Nkrumah Universty of Science & Technology i Kumasi i Ghana vertskap.
I fjor var University of Venda i Sør-Afrika fasilitator. I år var arrangementet lagt til Nelson Mandela African Institution of Science and Technology (NM-AIST) i Arusha i Tanzania. Rundt tjue deltek kvart år – fire frå Noreg og NTNU i Ålesund.
Omveg til sommarskulen via Ghana
Völker og Drønnen rakk på vegne av NTNU også å reise innom til samarbeids-universitetet i Kumasi i Ghana. Dit hadde professor Razak Seidu sendt dei to, for erfaringsutveksling og ytterlegare innsamling av kunnskap til bruk i masterstudiet vidare.
I løpet av to veker i Ghana rakk dei blant anna å halde foredrag for studentar innan faget på tema digitalteknologi for sanntid måling av vasskvalitet.
– Berre det å bli vist rundt på det store universitetsområdet tok fleire dagar, fortel dei. I Ghana rakk dei også, så vidt nokre av turist attraksjonane i nærområdet.
Intenst
Så var det fly over til Tanzania og etablering på universitetet i Arusha. Her vart det fire intense veker med læring, presentasjon, foredrag i klasserom, feltarbeid og analyser.
Sjølve sommarskulen 2024 vart opna av professor Razak Seidu som har hatt prosjektansvaret for gruppeoppgåver og programma.
– 7 av 10 afrikanarar mangla tilgang til trygge sanitærsystem i 2022. Millionar praktiserer opne avløpssystem for kloakk og gråvatn. Dette gir alvorlege konsekvensar for folkehelse og miljø. Styresmakter på heile det store kontinentet slit med å løyse problemet, som også akselererer i fleire områder, sa han under opninga.
Gruppelæring
Gruppeoppgåvene tildelt var i avløpsteknikk. Feltområdet dei skulle oppsøke låg i busetnaden i dei fattigare delane av byen Arusha.
Drønnen og Volker peikar på at den kanskje viktigaste verdien dei fekk frå sommarskulen, kom i prosessen der student møtte student. Det vil seie erfaringsutveksling og kunnskapsoverføring en-til-en internt i gruppene.
– Det å dele informasjon, å jobbe i grupper prega av mangfald, og få finne fram til aktuelle løysingar på tvers av kulturar ga mykje.
Feltarbeidet
– Ein svært verdifull erfaring var også sjølvsagt i feltarbeidet. Der fekk vi hente inn data. Avløpsvatn vart analysert for ulike parameter.
– Vi fekk også god tolkehjelp. Slik fekk vi snakka med innbyggarane (swahili) og innhenta erfaringar frå dei som budde der. Svært nyttig for å forstå og få eit vidare perspektiv.
– Det vi tenkjer som sjølvsagt, som vatn i sisterna på do er ikkje sjølvsagt alle stader.
Dei to oppfordrar masterstudentane ved NTNU utan å nøle, å søkje om liknande opphald for sommaren 2025!
På toppen av Kilimanjaro
Heilt til slutt i sommarskule-opphaldet vart det tid til å gå til Afrikas tak. Studentane Simon Völker frå Haugesund og Fride Drønnen frå Ålesund og NTNU tok utfordringa.
Her er dei undervegs og der etter oppe på sjølvaste Uhuru Peak på 5 895 meter over havet. Dette er det høgaste punktet i Afrika.