Målet med KLUe er å utvikle gode og framtidsretta løysingar for praksisstudiar, slik at studentar vert godt førebudde til å møte helsetenesta sitt behov for kompetente og funksjonsdyktige intensivsjukepleiarar.
Prosjektleiar Ragnhild Korshamn fortel at ideen kom frå erfaringar som praksislærar:
– Vi såg at det var behov for å styrke samarbeidet mellom klinikk og akademia. Studentane treng ein tydelegare kobling mellom teori og praksis, og klinikken har nytte av betre innsikt i kva kompetanse studentane får gjennom masterstudiet, seier ho.
Først i Noreg
KLUe-modellen er inspirert av det internasjonale konseptet Dedicated Education Unit (DEU), som er brukt i fleire land.
– Så vidt vi veit er prosjektet ved Ålesund sjukehus det første i Noreg der ein slik praksismodell vert etablert i spesialisthelsetenesta. Målet er å skape betre læringsmiljø, styrke veilederkompetanse og bidra til rekruttering og stabilitet.

Under opninga sa instituttleiar Svanhild Arentz Schønberg frå Institutt for helsevitskap i Ålesund at KLUe intensiv set fokus på praksis i utdanninga, og at det er avgjerande å ha eit godt læringsmiljø når halvparten av utdanninga er klinisk undervisning. Ho framheva kor viktig det er å vidareformidle erfaring og kunnskap, og inviterte alle seksjonar som ønskjer det til å bli med som noder – med intensivseksjonen som startpunkt. Utdanningssjef i Helse Møre og Romsdal HF Guro Berge la til at auka samarbeid er viktig for trygg læring, og at KLUe gir ei unik moglegheit til å styrke praksisstudiar og bygge tettare relasjonar mellom utdanning og klinikk.
Prodekan for utdanning ved fakultet for medisin og helsevitskap Toril Forbord i NTNU gratulerte og peika blant anna på den fine utviklinga som KLUe til no har hatt innanfor Ålesund kommune også med node-vekst og at ho håpar på det same no innad i helseforetaket. Seksjonsleiar ved intensivseksjonen, Marit Vinje, peika på at satsinga har stort fokus på kompetanseheving.
– Å investere i fag er å investere i menneske, sa ho, og la til at det er viktig å bygge eit solid fundament i eit komplekst fagfelt der sjukepleiarar må stå fagleg sterkt. Ho løfta fram behovet for å knyte praksis og forsking tettare saman, og å anerkjenne dei utfordringane intensivsjukepleiarar møter ved pasientsenga.
Styrking av rettleiarkompetanse
Helse Møre og Romsdal brukar allereie rettleiingsmodellen Styrket veiledning i praksis (SVIP), som er innført ved alle intensivavdelingane. Gjennom KLUe vert modellen vidareutvikla og tilpassa intensivfeltet sine særskilde behov.

Prosjektet legg òg til rette for at rettleiarar kan oppnå formell veilederkompetanse gjennom Erfaringsbasert praksisveilederutdanning (10 studiepoeng). For tida deltek sju tilsette frå Helse Møre og Romsdal på studiet.
Eit anna satsingsområde er innføring av elektronisk studentevaluering (EVS). Dette gir ein meir strukturert, open og effektiv måte å evaluere studentar på, og fungerer som eit felles verktøy for student, rettleiar og praksislærar. Slik vert samarbeidet på tvers av arenaene styrka ytterlegare.
Positiv respons
Så langt har tilbakemeldingane frå både studentar og tilsette vore gode. Studentane deltek aktivt og kjem med forslag til nye læringsaktivitetar, medan dei tilsette ser behovet for ei slik ordning, særleg i spesialavdelingar med bratt læringskurv