Gevinstar i fleng i den nye caseløysingskonkurransen

 “Maritime Innovation Boot Camp” i Ålesund vart ein suksess. Gjeve prisar vart delt ut til heldige studentar. Men hovudgevinsten fekk NTNU saman med næringslivsaktørane, for her kom det i land gode forslag til løysingar på det som fleire står i av utfordringar.

Studenter studerer lego
Djup konsentrasjon! Fire dagar med samarbeid, innovasjon og dedikasjon! Foto Yunus Opgard START Ålesund.

Den aller fyrste caseløysingskonkurransen for ingeniørstudentar i Gjøvik, Trondheim og Ålesund – “Maritime Innovation Bootcamp” vart arrangert frå 4. til 7. oktober.

– Alt no i fyrste oppsummeringa ser vi kimen til i ein god metode for samspel mellom akademia og næringsliv som kan brukast vidare, fortel Anne Seth, innovasjonsleiar ved NTNU i Ålesund..

Tretti ingeniørstudentar vart valde ut frå søkarmassen til konkurransen.; ti frå kvar av dei tre studentbyane Trondheim, Gjøvik og Ålesund.

Teknisk arrangør til caseløysingskonkurransen var NTNU i samarbeid med NTNU-studentorganisasjonen START.

– Vi er veldig glade for at vi fekk med VARD og Seaonics på laget. Dei deltok på ein veldig god måte med verkelege problemstillingar. Undervegs har desse verksemdene og fleire til delt av si kompetanse i samspel med studentane, fortel Anne Seth, innovasjonsleiar ved NTNU i Ålesund.

Miniseminar med næringslivsaktørane ga viktig innsikt for dei tretti deltakarane. Foto Yunus Opgård START/NTNU.

Oppspel vart gjeve av GCE Blue Maritime, Equinor, Vard og Seaonics. Det kom i form av miniseminaret tidleg i prosessen. Der fekk studentane presentert utfordringane i havvindnæringa. Dei fekk også ein introduksjon til klyngeomgrepet i maritim sektor og teste ut simulatorar hjå OSC.

Informasjonen her frå vart hovudgrunnlaget til dei ni caseløysingane som vart presenterte laurdag kveld av dei 30 deltakarane.

I løpet av dei fire dagane var det også sett av tid til besøk på Vard sitt verft i Brattvåg, og til bedriftsbesøk hjå Seaonics AS. Det gav eit verdifullt innblikk i næringa generelt.

Her er deltakarane på verftet til Vard i Brattvåg., klare for omvisning om bord på Norwind Hurricane. Foto Yunus Opgård START/NTNU.)

Juryen i konkurransen var sett saman av Knut Tore Aurdal (GCE Blue Maritime), Andreas Nystøl (Seaonics) og Håvard Vollset Lien (Vard). Dei fekk ei tøff oppgåve med å vurdere og plukke ut dei sterkaste case-løysingane.

Vinnarlaget kom med forslag til ny løysing til korleis ein kan bytte blada på dei flytande vindmøllene på ein meir effektiv måte. Desse fekk helikoptertur over Sunnmørsalpane på søndag morgon som premie.

Prosjektleiar Ole Rognes.: Stor takk til dei, som har vore våre hovudsamarbeidspartnarar gjennom prosjektet!

Sjølve ideen bak å utvikle ein slik boot camp kom frå NTNUs fakultet for ingeniør- og naturvitskap, med mål om å stimulere studentane til kreativitet og arbeid med innovasjonsprosessar.

Her er representantar frå dei samansette gruppene som fekk 1,2 og ,3 premie i caseløysingskonkurransen «Maritime Innovationo Boot Camp 2023». Vi gratulerer! Foto Yunus Opgård START/NTNU.