Populærvitskapleg matprat på menyen i Ålesund

Det populærvitskaplege talkshowet Påfyll gir ordet til smarte folk. Tysdag 19. mars er kvelden komen for servering av kunnskap frå forskarar frå SINTEF og Møreforsking. Dei snakkar om maten vår i framtida, og kvifor vi kjem til å dyrke, avle og ete den.

Bjørn Vatne på Scenen - lanseringa av Påfyll.
Det er klart for meir populærvitskapleg Påfyll i Ålesund. Her ser vi programvert Bjørn Vatne under lanseringa, den 5. februar 2024. Foto: Anne Marthe Berge.

Har du tenkt over kva du legg i handlekorga eller kva du åt til frukost laurdag? Har du prøvd nye ingrediensar og matvarer i det siste? Mykje av framtidsmaten er her alt.

Tysdag 19. mars, i foajeen på Parken kulturhus, blir temaet mat, matproduksjon og forbruksvanane våre. Eit par tips til smarte grep på neste handletur, kjem som krydder gjennom samtalane på scena. Denne gongen får vi samtalar med:

  • Jannicke Fugledal Remme som er forskingsleiar for gruppa Fisker, Havbruk og Prosess Teknologi i SINTEF Ålesund.
  • Bjørn Tore Nystrand som er seniorforskar frå Møreforsking med ei doktorgrad i samfunnsvitskap.
  • Sanna Matson, frå Møreforsking som har ei doktorgrad i marinbiologi.

Påfyll blir til i samarbeid mellom NTNU, SINTEF, Møreforsking, Helse Møre og Romsdal HF, Atlanterhavsparken og Ålesund kommune. Det er desse som finn forskarar som formidlar innan ulike samfunnsaktuelle tema.

Anne-Lise Sagen Major.
Viserektor Anne-Lise Sagen Major (fotograf MA).

– Universitetet og andre forskingsaktørar har ei viktig oppgåve med å bidra til formidling av kunnskapsutviklinga som vert utført. Vi har eit felles ynskje om å få fram meir av den spennande forskinga som skjer lokalt, og vi vil vise fram Ålesund som kunnskapsby, seier viserektor Anne-Lise Sagen Major.

Visrektoren er svært glad for den gode mottakinga og dei fine tilbakemeldingane som konseptet har fått. Under lanseringa, 5. februar, var temaet kunstig intelligens.

– Målet er å få til noko varig og detaljplanlegginga også for det tredje Påfyll den 24. april er godt i gang, fortel ho. 

Møte i Påfyll sitt programråd.
Frå møtet i programrådet med forskningsinstansane. Her er det gode ressursar frå desse i møte med blant andre ein peikande innhaldsprodusent, Kirsti Brekke frå NTNU, som held troppane samla i møtet (E.A.Tvergrov/NTNU).

Kan det bli servering?

Programvert og forfattar Bjørn Vatne er glad i mat, og ein ivrig hobbykokk. No gler han seg til å få høyre meir om korleis oppskriftsboka skal utvidast i framtida.

– Eg har gitt produksjonen klar beskjed om at dei må stille med smaksprøvar, sånn at eg får testa smakslaukane. Eg håpar eg slepp å angre, seier han.

Frå scenekanten Påfyll nummer 1 i februar 2024.
Smarte folk om kunstig intelligens fra Påfyll den 5. februar 2024. I sofaen frå venstre ser vi medisinsk fysikar Endre Grøvik frå NTNU/Helse Møre og Romdsal HF, doktorgradskandidat Lena Vatne Bjørlo frå Institutt for internasjonal forretningsdrift/NTNU, dosent Ottar Osen og førsteamanuensis Erlend Magnus Lervik Coates frå Institutt for IKT og realfag/NTNU. Ivrig programleiar er Bjørn Vatne (foto: Anne Marthe Berge).

Om Påfyll

Dei som står bak:

  • Parken kulturhus var initiativtakar, står som husvert og har den tekniske koordineringa.
  • Framtidslaben/The North West stiller med produsent for gjennomføringa.
  • NTNU koordinerer forskingsinnhaldet, kommunikasjon og det grafiske.
  • Sparebanken Møre er sponsor.

Datoane du må merke deg:

  • Det blir tre Påfyll på våren og det er planlagt også for tre nye til hausten.
    • 5. februar.
    • 19. mars.
    • 29. april.
    • 18. september.
    • x. oktober.
    • x. november.

Billettar og meir om det praktiske: