Suksessfull lansering av «Påfyll»

Det vart fullpakka sal på Parken kulturhus i Ålesund for det populærvitskaplege talkshowet! Nesten 200 møtte i foajeen og deltok på lanseringa, måndag kveld den 5. februar.

Panelsamtale Påfyll.
Samtaleleiar Bjørn Vatne med Endre, Lena, Erlend og Ottar (foto Steffen Savland/NTNU)

Kveldens gjestar var doktorgradskandidat Lena Vatne Bjørlo (NTNU), medisinsk fysikar Endre Grøvik (NTNU/Helse Møre og Romsdal), dosent Ottar Osen (NTNU), og førsteamanuensis Erlend Magnus Lervik Coates (NTNU). Kvar av dei introduserte ulike sider der KI-teknologien kan påverke kvardagen vår. Godt leia av Bjørn Vatne, blei publikum på ein humoristisk og godt forståeleg måte, presentert for KI (kunstig intelligens).

 

I tillegg fekk publikum eit kunstnarisk møte med teknologien denne kvelden: Som eit fint avbrot i samtalane med forskarane, fekk vi musikar Lena Nymark si framføring saman med KI. Manuela Hofer sin nydelege KI-genererte musikkvideo av Leonard Cohens’ «Avalanche» introduserte programmet:

Programrådet bak Påfyll er alt i gang med å fylle på innhald til neste kveld.

Det blir tysdag 19. mars, så hold av datoen!

Tekst og innhold også: Steffen Savland/NTNU.

Meir Påfyll!

Påfyll gir fakta, populærvitskaplege aha-opplevingar, stoltheit og håp i løpet av 90-120 innsiktsfulle kveldsminutt på Parken kulturhus i Ålesund. 

  • Gjennom talkshowformatet får du formidling og diskusjon om eitt aktuelt tema. Du får nærkontakt med dei som kan temaet frå ulike perspektiv, ein programleiar og artistinnslag.
  • Målet er eit meir opplyst og kunnskapsbasert offentleg ordskifte. Vi har gått saman for å presentere frå den spennande forskinga som foregår her i regionen og viser fram Ålesund som kunnskapsby.
  • Det blir minst tre arrangement i løpet av våren 2024 og fleire til hausten.

  • Nettsida: https://www.ntnu.no/web/alesund/paafyll
  • Førehandsomtale av Påfyll på NTNU-Nyheter
  • Arrangementdetaljar: På LinkedIn har vi oppretta ei samarbeidsside der kvart av PÅFYLL-arrangementa blir presentert.
  • Samarbeidspartnarar: NTNU, SINTEF, Møreforskning, Helse Møre og Romsdal HF, Atlanterhavsparken, Ålesund kommune.
  • Sponsor: Sparebanken Møre.
  • Grafisk støtte: Kommunikasjonsavdelingen NTNU – Grafisk senter.